KVA KAN LEGGAST I SEKKEN FOR PLASTEMBALLASJE?
Sjåførane våre som hentar inn sekkane for plastemballasje opplev ofte at dei må sette at sekkar grunna feilsortering. Dette betyr at mange abonnentar ikkje får plasten sin samla inn.
Returordninga gjeld berre for plast som er emballasje, til dømes rømmebeger, yoghurtbeger, plast som er rundt mat og produkter, plastposar, plastfolie og bærenett. Plast som ikkje er emballasje, til dømes tannbørstar, leikar, hagemøblar, isopor, vednett, plaststrips og q-tips skal ikkje være med i sekken. Tilgrisa plastemballasje og plast frå medisinsk avfall skal heller ikkje puttast i sekken.
Er du i tvil om kva noko skal sorterast som, kan du finne god informasjon her: www.sortere.no
Sortere finnast også som app og kan lastast ned fra AppStore: https://apps.apple.com/no/app/id1519252225
Ellers finn du mykje info her: https://www.nomil.no/?page_id=397
Her kan du også laste ned sorteringsguide på både norsk og engelsk.
Skriv dei gjerne ut og heng opp ved dunkane.