Fyrverkeri som avfall!!!

Fyrverkeri som avfall!!!

Nyttårsfeiringa er like rundt hjørnet, og nokon lurer kanskje på korleis ein skal sortere fyrverkeri.

Brukt fyrverkeri skal leggast i restavfallet. Dersom fyrverkeriet ikkje har gått av må det behandlast som eksplosjonsfarleg avfall.

Forhandlarar av eksplosive varer og produkt er pliktige til å ta i mot tilsvarande produkt når dei skal kasserast. Dersom du ikkje veit kvar du skal levere dette, kan du ta kontoakt med Politiet på telefon 02800.