Pyntebilete

Covid-19 og gjenbruksstasjon

 

Grunna auka smitte i kommunane våre, oppmodar vi dei som kan, om å utsetje besøket til gjenbruksstasjonen til smittesituasjonen er avklart. Dei som nyttar gjenbruksstasjonane våre, kan forvente nokre endringar i samband tiltak for å redusere smitterisiko. Helsemyndigheitene oppmodar om at ein held minst 2m avstand til andre menneske og brukar munnbind. Dessverre medfører dette at våre operatørar ikkje kan hjelpe deg med å tømme hengaren eller bilen. Operatørane vil vere til stade for å rettleie deg med sortering. Vi oppmodar alle om å betale med kort. Bruk helst funksjonen som gjer at du kan legge kortet på terminalen, og betale utan å trykke kode. For å unngå nærkontakt vil vi gjere tiltak for å avgrense kor mange bilar som kan vere på stasjonen samstundes. Dette kan gje kø og ein kan forvente at det tek lengre tid å levere. Unngå nærkontakt med andre under besøket på gjenbruksstasjonen. Vi bed om forståing for at tilbodet vert redusert, og at stasjonane kan bli stengt på kort varsel.