Pyntebilete

Bruk gjennomsiktig sekk ved levering av avfall på gjenbruksstasjon


Ønsker å minne om denne!

No er det snart 2 år sidan vi innførte krav om gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar. Vi har gjort oss nokre erfaringar, og ser at det framleis kjem inn mykje avfall i svarte sekkar. Disse blir spretta opp og kundar må sjølv være med å sortere avfallet. Daglig ser vi at det blir levert både farlig avfall, ee-avfall og metallgjenstandar i svarte sekkar. Dette viser at bruken av gjennomsiktige sekkar og betre mottakskontroll er viktig for å sikre kvalitet på avfallet og å unngå skadar på menneske, maskiner og miljø.
Håpar alle kan være nøye med sorteringa før dei kjem til gjenbruksstasjonen, og at gjennomsiktige sekkar vert nytta.
Tusen takk!
Her er link til tidligare sak om dette:
Pyntebilete