Gjenbruksstasjon

 Purkehola gjenbruksstasjon (Florøvegen 1102)

 Frå 19. november 2020 kan ein levere avfall til kommunal gjenbruksstasjon i Purkehola. Kinn kommune eig og har bygd stasjonen, medan Nomil står for den daglige drifta.

Opningstider: Mandag og Onsdag kl 13 – 19 Torsdag kl 10 – 15

Stasjonen i Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sudnafjelltunnelen.

Sjå kart under for vegbeskrivelse

Infofoldar for Purkehola

Spesielt om mottaksordning for mindre fritidsbåtar:

I Florø må dette leverast til Vartdal gjenvinning. Dei held til ved Botnaneset og held ope mandag – fredag 08-16

Sjå kart under for vegbeskrivelse.

Gjenbruksstasjonane til NoMil er bemanna avfallsmottak, som har ei avgrensa opningstid. 

Gjenbruksstasjonane tek i mot det meste av avfall, som t.d. farleg avfall, ee-avfall, byggeavfall, skrapmetall, gips, tauverk og restavfall som ikkje får plass i dunken heime.

Vi har ikkje løyve til å ta i mot:

  • Eksplosivt avfall, som t.d. ammunisjon og fyrverkeri. – ta kontakt politiet for rettleiing.
  • Smittefarlig avfall – ta kontakt med kommunalt helsevesen
  • Avfall som kan sjølvtenne – ta kontakt med DSB
  • Radioaktivt materiale – ta kontakt med DSA
Dekk til bilar og traktorar leverast inn til forhandlar, då dei har mottaksplikt etter avfallsforskrifta.
Medisin til dyr og mennesker leverast kostnadsfritt til apoteka.
Grunna utfordringar med lukt og skadedyr, bed vi om at alt matavfall vert levert i dunken heime.
Vi minner og om at ee-avfall, batteri, lysrør, lyspærer og gassflasker kan leverast inn hos forhandlar.

Frå 01.03.2020 skal avfall som leverast til gjenbruksstasjonen, leverast i gjennomsiktige sekkar. Årsaka er myndighetskrav om auka mottakskontroll ved avfallsanlegga rundt om i landet.

Avfall som vert levert i svarte sekkar etter 01.03.2020 vert spretta opp for kontroll av innhaldet.
Ein kan framleis levere avfall laust på henger eller i bil, då dette avfallet er mogeleg å kontrollere for operatørane. 

Slik som med svarte avfallssekkar, må kundane sjølve skaffe gjennomsiktige avfallssekkar. Sekkane finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkane.

 
Bilete av Purkehola stasjon