Abonnement

Nomil sin dunkrenovasjon inkluderer henting av dunkar for 4 typar avfall, i tillegg til sekk for plastemballasje:

  • Restavfall – dunk med grønt lokk. Henting kvar 4. veke.
  • Papiravfall – dunk med blått lokk. Henting kvar 4. veke.
  • Våtorganisk avfall – dunk med brunt lokk. Henting kvar 2. veke.
  • Glas- og metallemballasje – dunk med raudt lokk. Henting kvar 12. veke.
  • Sekk for plastemballasje – henting kvar 4. veke saman med dunken for papiravfall.
Priseksempel på nokre renovasjonsabonnement – prisar 2022

Standardabonnement: kr 4 346,-
Eit standardabonnement inkluderer 140L dunk for restavfall, 140L dunk for papiravfall, 140L dunk for våtorganisk avfall og 140L dunk for glas- og metallemballasje. Sekk for plastemballasje.

Standardabonnement med heimekompostering: kr 3 233,-
Eit standardabonnement inkluderer 140L dunk for restavfall, 140L dunk for papiravfall og 140L dunk for glas- og metallemballasje. Sekk for plastemballasje.

Standardabonnement med deling av dunkar: kr 3 531,- pr. abonnementeining.
2 eller fleire abonnementeiningar deler på eit dunksett (4 dunkar) på 140L pr. dunk. Det kan også leggast til 240L dunk for restavfall (tillegg på kr 268,- pr. abonnement) og 240L dunk for papiravfall (tillegg på kr 148,- pr. abonnement). 

Standardabonnement med rabatt for einsleg: kr 3 531,-
Abonnementet gjeld dersom det er ein person registrert som fastbuande på eigedomen (etter melding til Nomil). Inkluderer 140L dunk for restavfall, 140L dunk for papiravfall, 140L dunk for våtorganisk avfall og 140L dunk for glas- og metallemballasje. Sekk for plastemballasje. Merk at ansvarleg for abonnementet pliktar å melde frå dersom tal personar  som bur på eigedomen endrar seg.

Du kan tinge nytt abonnement, eller endre renovasjonsabonnementet her:
 
Komplett prisliste – renovasjonsgebyr
Prisar 2022 Abonnement med eigne dunkar Abonnement ved deling av dunkar
  Pr. år Pr. termin Pr. år Pr. termin
Standard 4346,00 2173,00 3531,00 1765,50
Kompostfråtrekk -1113,00 -556,50 -1113,00 -556,50
Standard m/ kompostfråtrekk 3233,00 1616,50 2418,00 1209,00
         
Standard – rabatt einsleg 3531,00 1765,00 2716,00 1358,00
Kompostfråtrekk einsleg -774,00 -387,00 -774,00 -387,00
«Småhushald» m/ kompostfråtrekk 2757,00 1378,00
1942,00 971,00
         
Rabatt for å dele dunkar -815,00 -407,50    
Rabatt for einsleg -815,00 -407,50    
         
Rabatt kompostering -1113,00 -556,50    
Rabatt kompostering einsleg -774,00 -387,00    
 
Endring av dunkstorleik:
  • Tillegg for 240L restavfall (i staden for 140 l): 536 kr
  • Tillegg for 240L papir (i staden for 140 l): 296 kr
  • Gebyr ved bytting av dunk, 140-240 L: 339 kr
  • Gebyr ved bytting av dunk, 660-1000 L: 510 kr
Avtalesekk:

Sekk til ekstra restavfall, merka «NoMil Avtale», settast ut saman med dunk på tømmedag for restavfall.

  • Pris pr sekk: 116 kr
  • Pris pr rull a 10 sekkar: 1 006 kr