I september gjennomførte Norwaste på vegne av Nomil ei plukkanalyse av innsamla restavfall og matavfall frå hushaldningar i eigarkommunane våre.
Formålet med analysen var å kartlegge utsorteringa av materialgjenvinnbart avfall frå husholdningane, vurderer innhaldet av matavfall både i restavfall og kjeldesortert matavfall, og identifisere kva typar mat som kastast
Med analysen ønsker vi å få betre innsikt i samansetninga av avfallet som kjem inn, og på den måten ser vi kvar det er potensiale for betre sortering, forklarar Eivind Evebø, Miljø- og kvalitetsrådgjevar i Nomil
I praksis foregår det slik at avfallet samlast inn som normalt, men avfallsposane blir opna, analysert og sortert. – Slik ser vi kva som er sortert feil og kva som er sortert rett
Resultatet av analysen på matavfallet viste at 84,5% var riktig sortert, noko som er bra, men vi fann både plast, papir, glas og metall i det analyserte avfallet. I tillegg var 27,8% av det kasta matavfallet nyttbart. Det vil i praksis seie mat som kunne vore eten.
Elles utgjorde hageavfall/potteplantar 6,5%. Dette er direkte feilsortert. Inne/potteplantar skal evt kastast i restavfallet.
Resultatet av analysen på restavfallet viste at 54,9 prosent av restavfallet var riktig sortert, medan dei resterande 45,1 prosenta bestod av materiale som burde vore kjeldesortert eller levert til eigna returpunkt.. Av det analyserte avfallet var heile 18,8% matavfall og 12,3% plastemballasje. Dette skuldast hovudsakleg mat som vert kasta med emballasjen på.
Det er gledeleg å sjå at det var lite farleg avfall i restavfallet, men vi fann likevel både batteri og sprayboksar som kan medføre farlege situasjonar. Eitt enkelt batteri er nok til å potensielt starte ein brann på anlegget. Så det er framleis rom for forbetring
Spesielt interessert? Les heile rapporten frå 2025 her (Norwaste)