Purkehola gjenbruksstasjon (Florøvegen 1102)
Frå 19. november 2020 kan ein levere avfall til kommunal gjenbruksstasjon i Purkehola. Kinn kommune eig og har bygd stasjonen, medan Nomil står for den daglige drifta.
Opningstider: Mandag og Onsdag kl 13 – 19 Torsdag kl 10 – 15
Stasjonen i Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sudnafjelltunnelen.
Sjå kart under for vegbeskrivelse
Spesielt om mottaksordning for mindre fritidsbåtar:
I Florø må dette leverast til Vartdal gjenvinning. Dei held til ved Botnaneset og held ope mandag – fredag 08-16
Sjå kart under for vegbeskrivelse.
Gjenbruksstasjonane til NoMil er bemanna avfallsmottak, som har ei avgrensa opningstid.
Gjenbruksstasjonane tek i mot det meste av avfall, som t.d. farleg avfall, ee-avfall, byggeavfall, skrapmetall, gips, tauverk og restavfall som ikkje får plass i dunken heime.
Vi har ikkje løyve til å ta i mot:
- Eksplosivt avfall, som t.d. ammunisjon og fyrverkeri. – ta kontakt politiet for rettleiing.
- Smittefarlig avfall – ta kontakt med kommunalt helsevesen
- Avfall som kan sjølvtenne – ta kontakt med DSB
- Radioaktivt materiale – ta kontakt med DSA
Medisin til dyr og mennesker leverast kostnadsfritt til apoteka.
Grunna utfordringar med lukt og skadedyr, bed vi om at alt matavfall vert levert i dunken heime.
Vi minner og om at ee-avfall, batteri, lysrør, lyspærer og gassflasker kan leverast inn hos forhandlar.
Frå 01.03.2020 skal avfall som leverast til gjenbruksstasjonen, leverast i gjennomsiktige sekkar. Årsaka er myndighetskrav om auka mottakskontroll ved avfallsanlegga rundt om i landet.
Avfall som vert levert i svarte sekkar etter 01.03.2020 vert spretta opp for kontroll av innhaldet.
Ein kan framleis levere avfall laust på henger eller i bil, då dette avfallet er mogeleg å kontrollere for operatørane.
Slik som med svarte avfallssekkar, må kundane sjølve skaffe gjennomsiktige avfallssekkar. Sekkane finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkane.