Pyntebilete

Forbod mot levering av svarte og farga søppelsekkar

Viser til krav om gjennomsiktige sekkar ved levering av avfall på gjenbruksstasjon frå 1.mars 2020.

Avfall som leverast til gjenbruksstasjonen i sekkar, SKAL leverast i gjennomsiktige sekkar.
Årsaka er myndighetskrav om auka og strengare mottakskontroll ved alle avfallsanlegg rundt om i landet.

Utfordring med avfall i svarte sekkar, er at vi då ikkje har kontroll på om sekkane inneheld til dømes elektronisk avfall, sprayboksar, batteri eller anna risikofylt avfall som kan skape farlege situasjonar for tilsette, miljø og utstyr.

Det er blitt betre, men vi opplever at det framleis vert levert for mykje avfall i svarte sekkar. Vil difor minne om at det KUN er lov å levere avfall i gjennomsiktige sekkar, eller laust på hengar/bil.

Operatørane på stasjonane våre vil ha ekstra fokus på dette i tida framover, og avfall i svarte sekkar vil bli avvist evt opna og bedt sortert på nytt.

Blanke avfallssekkar finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkane.

Takk for at alle bidreg til eit betre og tryggare miljø:-)