𝐇𝐢𝐩𝐩 𝐇𝐮𝐫𝐫𝐚!
Kor kjekt! 😁 Vi har nok ein gong fått ein vinnar i Returkartonglotteriet. Denne gongen vart det 𝐀𝐧𝐧𝐞-𝐌𝐚𝐫𝐢𝐞 𝐄𝐢𝐝𝐞 𝐇𝐞𝐢𝐦𝐭𝐮𝐧 frå Florø i Kinn kommune. Ho er heldig vinnar av kr 10.000,- og diplom som bevis.
Gratulerer så mykje til deg😃
Bli med i Returkartonglotteriet du også♻️
Her er alt du treng å vite for å skylle, brette og stappe pengar på kontoen din:
🏆 Alle kartongar, uansett om dei er enkle eller samla i ein kubbe, kan vinne opptil 100.000 kroner. Fire gangar i året blir det trekt ut éin vinnar av 100.000 kr, og 30 vinnarar av 10.000 kr.
🏆 Returkartonglotteriet er meir enn berre mjølkekartong. Alle drikkekartongar kan vere lodd i returkartonglotteriet, det vil seie alle kartongar som har inneholdt mat, drikke eller feks såpe-refill.
🏆 Du deltar i lotteriet ved å skrive navn og telefonnummer på kartongen, gjerne med *vannfast tusj, før du sorterer han. Kartongane blir leverte i den vanlege kommunale returordninga, som oftast saman med annan papp og papir.
🏆 Kvart år har returkartonglotteriet 124 vinnarar, og vinnarsjansen er lik uansett kvar du bur. Kven veit, kanskje er det ein av dine kartongar som vert trekt ut neste gang?
🏆 Grønt Punkt Norge er ansvarleg for returkartonglotteriet!. Dei sørger for at drikke- og emballasjekartong i Norge blir samla inn og gjenvunne til nye papirprodukt.
Og hugs, om du ikkje vinn i trekninga, vinn uansett miljøet på kartonggjenvinninga di♻️
Lykke til😃

