Visste du at det oppstår brann på eit avfallsanlegg i Noreg – kvar einaste veke?
Og at heile 85% av desse brannane kjem av batteri? 
Det er lett å tenke at eit lite batteri ikkje utgjer nokon forskjell. Men korleis du handterer brukte batteri kan ha stor betydning – for både menneske, dyr og miljø.
Folk vert motiverte av ulike ting. Nokon brenn for dyrevelferd, andre for sikkerheit eller berekraft. Difor serverer vi tre gode grunnar til kvifor kjeldesortering av batteri er viktig, uansett kva som motiverar deg:
1.
Risiko for brann
Tomme batteri kan innehalde restenergi. Sjølv dei minste batteria kan skape brann om dei hamnar i feil dunk. Det kan skade renovasjonsbilar, sette avfallsanlegg i flammar – og i verste fall true sikkerheita til renovatørane.
2.
Redusere etterspurnaden etter råstoff
Batteri inneheld råstoff som sink, litium og kobolt – viktige og avgrensa ressursar som må gravast ut frå naturen. Visste du at vi i Noreg kjøper over 2000 tonn hushaldningsbatteri kvart år? Det tilsvarar vekta av seks passasjerfly 
3.
Ta vare på naturen og dyra våre
Batteri som hamnar i naturen kan lekke miljøgifter som skadar fugl, fisk og våre firbeinte vener. Når du leverer batteria til gjenvinning, sørger du for trygg og ansvarleg behandling – og bidrar til å beskytte både dyreliv og økosystem
Takk for at du bidreg


