Kommunevåpen - Kinn

Faktura 1. halvår 2020 Florø

Abonnentar i Florø får i disse dagar faktura for 1. halvår 2020. Dersom nokon har/ønsker å ha heimekompostering, må det sendast inn søknadsskjema og få dette godkjent, for å få denne rabatten.

For abonnentar som allereide har heimekompostering og ikkje har hatt dunk for våtorganisk avfall (brunt lokk), vil disse få fråtrekt rabatten for 12 mnd ved neste fakturering. Søknadsskjema må sendast inn og godkjennast for å få denne rabatten.

Her finn de meir info om heimekompostering og link til søknadsskjema: https://www.nomil.no/?page_id=715

Rabatt for deling får ein ved å dele dunkar og levere mindre avfall pr bueining/hus enn ved å ha eit standard abonnement på 140l sett pr bueining/hus.

Rabatt for einsleg er for dei som er folkeregistrert med kun 1 person på adresse/husstand.

Ved meir kapasitet enn 140l, betalar ein tilleggsgebyr

Link til gebyrforskrift finn du her: https://www.nomil.no/wp-content/uploads/2020/01/Sak-27-19-Renovasjonsgebyr-2020-satsar.pdf

Dersom noko er uklart, eller om de har spørsmål kan de kontakte oss på e-post post@nomil.no