Fastfrose avfall i dunken?

Fastfrose avfall i dunken?

Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av spesielt dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.

Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.

Om man har moglegheit til det kan det også være lurt å sette dunkane inn i garasje eller liknande dei kaldaste dagane.

Renovatørane har ikkje moglegheit til å løsne fastfrose avfall nede i dunkane.