Kommunevåpen - Kinn

Endring i ordning for hytte- og fritidsrenovasjon i Flora regionen

 

Endring i ordning for hytte- og fritidsrenovasjon

Renovasjonsordninga skal drivast etter sjølvkost, det vil seie at inntekter frå abonnentsgebyra skal dekke dei faktiske utgiftene knytt til  innsamling, behandling og administrasjon.

Auke mengde herrelaust avfall og misbruk har ført til overfylte dunkar, og over tid har det har vore plassert ut fleire dunkar en det hytteabonnentane har behov for.

NoMil ynskjer å tilby våre hytteabonnentar ei best mogeleg renovasjonsordning for det renovasjonsgebyret du betaler i dag.

Kva vil skje ?

Stålcontainerar og gamle dunkar vert bytta ut med nye låsbare dunkar med standard innkastluker som vil hindre at det kjem større gjenstandar enn vanlege avfallsposar i dunkane.  Ein del dunkar vil bli fjerna, og andre vil bli flytta til betre egna plass. Tal på dunkar vil verte tilpassa talet på hytte- og fritidseigedomar i dei ulike områda.

Nomil sender informasjon om endring og ny plassering av renovasjonsbehaldarane til abonnentane.

Bruk gjenbruksstasjonen i Purkehola

Har du større mengder avfall, eller større gjenstandar som ikkje kan leverast i renovasjons-behaldaren? Då kan du levere dette til gjenbruksstasjonen i Purkehola.

Vi har alle eit ansvar for å ta vare på miljøet og naturen rundt oss. Difor må vi nytte dei tilboda vi har for å levere avfallet vårt på rett plass.

Opningstider er:

Måndag og onsdag, kl. 13.00 – 19.00

Torsdag, kl. 10.00 – 15.00

Du kan lese meir om gjenbruksstasjonen på NoMil sine heimesider: https://www.nomil.no/?page_id=2185

Vi ønskjer ikkje forsøpling

Dersom du ikkje får plass til avfallet ditt i konteinar for hytterenovasjon, kan du ikkje plassere dette ved sidan av behaldaren. Avfallet blir spreidd av vind, dyr og fuglar. Dette vert rekna som forsøpling etter forureiningslova. Korkje NoMil eller kommunen har i dag ei løysing for korleis vi skal handtere slikt ulovleg avfall. Vi har alle eit ansvar for å ta i vare naturen og miljøet rundt oss – bruk difor gjenbruksstasjonane våre.

Vi håper ovannemnte ordning vil redusere misbruk av våre dunkar, og at både hytteabonnentar, hushaldningar og næringsdrivande i framtida vil nytte den nye gjenbruksstasjonen i Flora-regionen.

Bilete av eksempel på misbruk av hyttecontainer