Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

 

Før du har gått heimefrå på morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smører brødskiver og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb

 

Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tar valet om du skal sortere – eller ikkje.

Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis noko skal kjeldesorterast. Då kan du sjå etter sorteringsmerka – dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gir deg hjelpa du treng, ofte med ein kort hjelpetekst som gjer det lettare å sortere i rett dunk.

Legg merke til merka

Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvar type materiale har si eiga farge som gjer dei lette å kjenne igjen, gir god lesbarheit og gjer det enklare å sjå kva som skal kvar. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.

Lett å bli litt betre til å kjeldesortere

Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, så har du svaret i handa alt. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du undrar deg over og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal være, eller kva du gjer med blandingsemballasje.

Stengt stasjon fredag 18. oktober grunna øvelse i industrivernet

Stengt stasjon fredag 18. oktober grunna øvelse i industrivernet

 
Grunna øvelse i industrivernet vil sentralbord og stasjonen på Sandane være stengt fredag 18. oktober mellom klokka 12:00-15:30.
E-post og telefonar vert ikkje besvart i denne tidsperioden.
Dette tiltaket er nødvendig for å sikre at alle tilsette får den nødvendige opplæringa og erfaringa i samband med industrivern, som er viktig for tryggleiken i vårt nærområde.
Vi ber om forståing for eventuelle ulemper dette måtte medføre, og oppfordrar kundar til å planlegge henvendelsane sine deretter.
Utlevering av bioposar og sekkar til plastemballasje til abonnentar i Nordfjord

Utlevering av bioposar og sekkar til plastemballasje til abonnentar i Nordfjord

 
Alle abonnentar i Nordfjord får i løpet av veke 43 og 44 utlevert bioposar til matavfall og plastsekkar til plastemballasje. Utlevering vil bli utført samme dag som tømming av papirdunk. (Sjekk tømmekalender for din tømmedag)
Rullane vert lagt i plastpose oppå papirdunk. Det er eigen bil som kjem for å levere ut rullane, nokon får før og nokon får etter at renovasjonsbil er der for å tømme dunkar. NB! Husk derfor å sjekke dunken før du hentar den inn.
Står ikkje dunk framme denne dagen vert det ikkje lagt igjen sekkar til deg.
Det vert utlevert 2 rullar bioposar og 1 rull plastsekkar pr betalande bueining pr år.
Evt forbruk/behov utover dette kan kjøpast ved å kontakte Nomil
 
– Burettslag/sameige v/styreleiar må ta kontakt for å avtale eiga samla levering
– Abonnentar som delar dunkar må ta kontakt for å få utlevert ekstra sett då det kun vert levert 1 sett pr dunk.
 
Disse vil få utlevering i etterkant av hovedutleveringa.
Telefon 57 00 94 00 eller E-post: post@nomil.no
 
NB! Florø (sone 1-5) og distriktet rundt (sone 6-9), samt øyane utanfor Florø har utlevering over nyttår og får eige varsel om dette når det nærmar seg.