Viser til krav om gjennomsiktige sekkar ved levering av avfall på gjenbruksstasjon frå 1.mars 2020.
Avfall som leverast til gjenbruksstasjonen i sekkar, SKAL leverast i gjennomsiktige sekkar. Årsaka er myndighetskrav om auka og strengare mottakskontroll ved alle avfallsanlegg rundt om i landet.
Utfordring med avfall i svarte sekkar, er at vi då ikkje har kontroll på om sekkane inneheld til dømes elektronisk avfall, sprayboksar, batteri eller anna risikofylt avfall som kan skape farlege situasjonar for tilsette, miljø og utstyr.
Det er blitt betre, men vi opplever at det framleis vert levert for mykje avfall i svarte sekkar. Vil difor minne om at det KUN er lov å levere avfall i gjennomsiktige sekkar, eller laust på hengar/bil.
Operatørane på stasjonane våre vil ha ekstra fokus på dette i tida framover, og avfall i svarte sekkar vil bli avvist evt opna og bedt sortert på nytt.
Blanke avfallssekkar finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkane.
Takk for at alle bidreg til eit betre og tryggare miljø:-)
Det finst alternativ om ein er lei av dyre gåvekalenderar med småting som fort vert boss. Kanskje barna (òg dei vaksne) vil setje meir pris på ein adventsaktivitetkalender?
For mange er gåvekalender både stressande å handle inn og dyrt for lommeboka. Mange er òg lei av dei små gåvene som anten ikkje vert brukt eller altfor raskt vert øydelagde. Hjå oss ser vi mange øydelagde duppedingsar som kanskje starta sitt liv i ein gåvekalender, men som ikkje heldt god nok kvalitet til å overleve julesesongen ein gong.
Heldigvis finst det gode alternativ, som verken treng vere dyre eller stressande å handle inn. Kva med ein historiekalender, der ein har ei lesestund med ei ny (jule)historie kvar dag? Eller kva med ein kjekk aktivitetskalender, der ein kan skape mange gode minner i lag i førjulstida? Last han ned gratis her: Gratis og miljøvennleg adventskalender
Så lett lagar du adventskalenderen:
1. Skriv ut kalenderen
2. Klipp ut tala og vel ut 24 av dei aktivitetane. Om du har andre gode idear, kan du skrive dei ned på dei tomme lappane.
3. Set saman aktivitetar og datoar som du sjølv ønskjer.
4. Fest de ferdige lappene saman på ei snor, eller på/i ein kalender de har frå før.
Voila! Då kan 1. desember berre komme!
Eit anna billegare og grønere alternativ til vanleg gåvekalender, er ein bruktgåvekalender! Finn morosame eller fine ting i bruktbutikker, loppemarknad eller på finn.no. Sjølv om nokon har brukt tinga før, betyr ikkje det at dei er verdilause, det er berre nokon som har vore glad i dei før deg!
Før du har gått heimefrå på morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smører brødskiver og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb
Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tar valet om du skal sortere – eller ikkje.
Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis noko skal kjeldesorterast. Då kan du sjå etter sorteringsmerka – dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gir deg hjelpa du treng, ofte med ein kort hjelpetekst som gjer det lettare å sortere i rett dunk.
Legg merke til merka
Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvar type materiale har si eiga farge som gjer dei lette å kjenne igjen, gir god lesbarheit og gjer det enklare å sjå kva som skal kvar. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.
Lett å bli litt betre til å kjeldesortere
Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, så har du svaret i handa alt. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du undrar deg over og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal være, eller kva du gjer med blandingsemballasje.
Grunna øvelse i industrivernet vil sentralbord og stasjonen på Sandane være stengt fredag 18. oktober mellom klokka 12:00-15:30.
E-post og telefonar vert ikkje besvart i denne tidsperioden.
Dette tiltaket er nødvendig for å sikre at alle tilsette får den nødvendige opplæringa og erfaringa i samband med industrivern, som er viktig for tryggleiken i vårt nærområde.
Vi ber om forståing for eventuelle ulemper dette måtte medføre, og oppfordrar kundar til å planlegge henvendelsane sine deretter.