Det finst alternativ om ein er lei av dyre gåvekalenderar med småting som fort vert boss. Kanskje barna (òg dei vaksne) vil setje meir pris på ein adventsaktivitetkalender?
For mange er gåvekalender både stressande å handle inn og dyrt for lommeboka. Mange er òg lei av dei små gåvene som anten ikkje vert brukt eller altfor raskt vert øydelagde. Hjå oss ser vi mange øydelagde duppedingsar som kanskje starta sitt liv i ein gåvekalender, men som ikkje heldt god nok kvalitet til å overleve julesesongen ein gong.
Heldigvis finst det gode alternativ, som verken treng vere dyre eller stressande å handle inn. Kva med ein historiekalender, der ein har ei lesestund med ei ny (jule)historie kvar dag? Eller kva med ein kjekk aktivitetskalender, der ein kan skape mange gode minner i lag i førjulstida? Last han ned gratis her: Gratis og miljøvennleg adventskalender
Så lett lagar du adventskalenderen:
- 1. Skriv ut kalenderen
- 2. Klipp ut tala og vel ut 24 av dei aktivitetane. Om du har andre gode idear, kan du skrive dei ned på dei tomme lappane.
- 3. Set saman aktivitetar og datoar som du sjølv ønskjer.
- 4. Fest de ferdige lappene saman på ei snor, eller på/i ein kalender de har frå før.
- Voila! Då kan 1. desember berre komme!
Eit anna billegare og grønere alternativ til vanleg gåvekalender, er ein bruktgåvekalender! Finn morosame eller fine ting i bruktbutikker, loppemarknad eller på finn.no. Sjølv om nokon har brukt tinga før, betyr ikkje det at dei er verdilause, det er berre nokon som har vore glad i dei før deg!
Vi ønskjer dykk ei fin (og grønare) førjulstid!
Foto: LOOP