Bilete av dunk med utleverte posar på lokket

Husk å late dunken stå framme

Renovatørane våre melder tilbake at dei ikkje får levert bioposer og sekkar til plastemballasje til alle, fordi abonnenten har teke inn att dunken sin. På dagar der vi leverer ut sekkar og posar kjem det to bilar. Den første tømmer dunken din, og i etterkant kjem det ein varebil som står for levering av sekkar og bioposar.