Har du gått tom for bioposar og sekkar?

I 2022 gjekk Nomil tilbake til ei tidlegare ordning med utdeling av bioposar og sekkar til plastemballasje på ei fast rute ein gong i året. Abonnenten får då utdelt bioposar og sekkar til eit års forbruk. Samstundes
vart ordninga med å legge lapp på dunken er avvikla.

Om du går tom, før neste års utlevering, må du kontakte oss på post@nomil.no

Bilete av dunk med utleverte posar på lokket

Husk å late dunken stå framme

Renovatørane våre melder tilbake at dei ikkje får levert bioposer og sekkar til plastemballasje til alle, fordi abonnenten har teke inn att dunken sin. På dagar der vi leverer ut sekkar og posar kjem det to bilar. Den første tømmer dunken din, og i etterkant kjem det ein varebil som står for levering av sekkar og bioposar.