Kommunevåpen - Kinn

UTLEVERING AV BIOPOSAR OG SEKKAR TIL PLASTEMBALLASJE TIL ABONNENTAR I FLORØ OG DISTRIKTET RUNDT

 

Alle abonnentar i Florø/distriktet får i løpet av veke 8 og 9 utlevert bioposar til matavfall og plastsekkar til plastemballasje. Utlevering vil bli utført samme dag som tømming av restavfallsdunk. (Sjekk tømmekalender for din tømmedag)

Florø veke 8 og Distriktet veke 9

Rullane vert lagt i plastpose oppå restavfallsdunk. Det er eigen bil som kjem for å levere ut rullane. NB! Husk å sjekke dunken før du hentar den inn. Står ikkje dunk framme denne dagen får vi ikkje utlevert sekkar til deg.

Burettslag v/styreleiar, og sameige må ta kontakt med kontoret på Sandane for bestilling til sitt burettslag/sameige. Dette gjelder også abonnentar som delar dunkar då det kun vert lagt igjen 1 sett pr dunk.

Disse vil få utlevering fortløpande i vekene etter hovedutleveringa

E-post: post@nomil.no

Det vert utlevert 2 rullar bioposar og 1 rull plastsekkar pr betalande bueining pr år.

Evt forbruk/behov utover dette kan kjøpast på våre stasjonar eller ved å kontakte Nomil ved behov.