Vegarbeid i Øvrevegen, Raudeberg

 

Grunna arbeid med vatn- og avløpsrør i Øvrevegen på Raudeberg vil det i ein periode være stengt for renovasjonsbilane våre. Er vegen stengt, må dunkar settast framfor sperring på nord- og sørside innan klokka 07:00 på tømmedag for at disse skal bli tømt.
Kvar vegen er stengt vil endre seg undervegs i arbeidet.
Komande datoar for tømming:
– onsdag 29. november
– onsdag 13. desember
– måndag 18. desember