Alle eigarkommunane får fritidsrenovasjon

Alle eigarkommunane får fritidsrenovasjon

Alle eigarkommunane til Nomil har innført tvungen renovasjon for hytte og fritidsbustadar. Om du har hytte eller fritidsbustad i Gloppen, eller i tidlegare Vågsøy eller Eid kommune, vil dette vere ei ny ordning frå 01.juli 2020.

Kommunestyra har gjennom godkjenning av Nomil si standardføreskrift, vedteke at fritidsrenovasjon skal gjennomførast med utsetting av returpunkt for restavfall. Du må sjølv ta med avfallet til returpunkt. Hyttecontainerane har små innkastluker, der du kan legge inn bereposar.

Til hyttecontainerane kan du levere: restavfall, plastemballasje, matavfall, papir/papp og glas- og metallemballasje. Avfall som ikkje får plass i hyttecontainerane, som t.d. madrasser og møblar, må leverast til gjenbruksstasjon. Det same gjeld ee-avfall, batteri, måling og andre typar farleg avfall.

Ei oversikt over kvar returpunkta for fritidsrenovasjon er plassert finn du her: www.sortere.no

Som fritidsabbonent, vil du få tilsendt faktura ein gong i året. Gebyret du betaler er avhengig av standarden på fritidsbustaden.