Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.
Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.
På denne sida finn du all informasjon som tidlegare har vore tilgjengeleg på vår heimeside – og litt til. Her finn du kontaktskjema for bestilling og endring av abonnement, tømmekalender og rutekart, oversikt over gjenbrukstasjonane, informasjon om avfall og sortering og mykje meir.
Vi håpar sida vert eit godt hjelpemiddel til å formidle informasjon og nyheter til abonnentane våre.
Tenkjer du å besøkje gjenbruksstasjonen i haust? Hugs å sortere avfallet før du lesser det om bord i bilen eller hengaren!
På gjenbruksstasjonen skal avfallet sorterast i ulike konteinarar. Du lettar difor arbeidet, både for deg sjølv og for operatøren, om du sorterer avfallet på førehand.
Vegen Nedrelid på Haugen i Eid Kommune er stengt for tyngre køyretøy grunna skade på vegen.
Dette betyr at vegen inntil vidare er stengt for renovasjonsbilen, og abonnentane i Nedrelid må difor sette dunkar fram til Riksveg eller til krysset ved Kvilebenken på tømmedag.
Nomil sine abonnentar er flinke til å brette mjølkekartongar, og nokon har også ein god porsjon vinnarlukke!
I den 2. trekninga i returkartonglotteriet i år fekk vi ein ny vinnar får Nordfjord. Thomas Poul Reines Hals med familie er den heldige vinnaren av kr 10 000,-.
Gratulerer!
Du kan også vere med i returkartonglotteriet. Kvart kvartal vert det trekt ut 30 premiar på 10 000,- kroner og ein premie på 100 000,- kroner. Du kan lese meir om returkartonglotteriet her: