Nomil logo

Avfallshenting held fram som normalt

Vi har eit viktig samfunnsoppdrag som vi skal halde fram med å utføre. For å oppretthalde avfallsinnhentinga, er det viktig at medarbeidarane våre unngår smitte. Då treng vi eit godt samarbeid med deg som innbyggjar.

Det betyr:

Avfallshentinga held førebels fram som vanleg, men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Desinfiser  gjerne både handtak og lok.

Treng du å kome i kontakt med oss, bruk telefon eller e-post.  Kontorlokala våre i Gloppen er stengt for publikum inn til vidare. Vi bed og om at publikum ikkje tek direkte kontakt med renovatørane våre som er ute å tømmer dunkar.

Om du treng å nytte gjenbruksstasjonane våre, bed vi om at du unngår handhelsing og nærkontakt. God handhygiene er alltid viktig både for oss og deg.

Vi oppdaterer heimesida vår, om det vert endringar.