God sortering sikrar høg gjennvinningsgrad av avfallet. Den viktigaste sorteringa skjer i heimen, og alle våre abonnentar er med på å gje avfallet verdi ved å sortere avfallet sitt riktig.
Ver med å dra lasset for eit betre miljø!
- Henteordning/dunkrenovasjon:
Nomil sine retningslinjer for sortering av avfall i dunkane finn du her.
- Gjenbruksstasjonane:
Ei oversikt over kva avfall som skal leverast på gjennbruksstasjonen finn du her. I Florø vert det arbeidd med å etablere ein gjenbruksstasjone, men enn så lenge kan slikt avfall leverast til SAR (til SAR sine prisar).
Spesielt om isopor:
Isopor er restavfall. Mindre mengder kan du sortere i dunken for restavfall. Har du større mengder isopor leverar du dette som restavfall til gjenbruksstasjonen (SAR i Florø).
Om du likevel kjem over avfall som du er usikker på kvar det skal sorterast, eller kvar det skal leverast, kan du gjere deg nytte av www.sortere.no.
Ein del av produkta du kjøper og mykje av emballasjen er merka med små bilete, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbola og kva dei tyder finn du på Grønt Punkt sine sider.