Laurdagsope gjenbruksstasjon i Florø!

Laurdag 14. mai held vi laurdagsope på gjenbruksstasjonen i Purkehola i Florø frå klokka 10-15.
Vi set pris på om du gjer unna mesteparten av sorteringa før du kjem på gjenbruksstasjonen.
Når du sorterar i forkant går det raskare å få levert avfallet og det blir mindre kø for å komme inn på området.
NB! Husk å bruke gjennomsiktige sekkar på det avfallet som du velger å levere i sekk (sekk for plastemballasje kan ikkje nyttast til dette).
Avfall som er laust på tilhengar treng ikkje være i sekkar.
Velkomne😊

Laurdagsope gjenbruksstasjon

Laurdag 7. mai held vi laurdagsope frå klokka 10-15 på følgande stasjonar:

Eidsmona gjenbruksstasjon, Sandane i Gloppen kommune

Vedvik gjenbruksstasjon , Måløy i Kinn kommune

Haugen gjenbruksstasjon, Nordfjordeid i Stad kommune

 

Stasjonane i Stryn, Florø og Bremanger vil vi komme tilbake til med ein annan laurdag i løpet av kort tid.

 

Vi set pris på om du gjer unna mesteparten av sorteringa før du kjem på gjenbruksstasjonen. Når du sorterar i forkant går det raskare og enklare å pakke og levere avfallet.

NB! Husk å bruke gjennomsiktige sekkar på det avfallet som er i sekk (sekk for plastemballasje kan ikkje nyttast til dette)

Avfall som er laust på tilhengar treng ikkje være i sekkar

 

Velkomne😊

Vindfullt vær

Vindfullt vær

Vinteren byr på vindfullt vær, både langs kysten og i innlandet. Vinden kan gi utfordringar knytt til dunkrenovasjonen.

Nomil oppfordrar alle abonnentar til å sikre dunkane på hentestaden når dei vert sett ut for tømming. Vi minner om at all festing av dunkar må gjerast på ein slik måte at det er mogeleg for renovatøren  å få laust dunken på ein enkel måte. Dunkane må difor festast med karabinkrok eller stropper (sjå bilete)Dunkar som er knytt fast vert ikkje tømde!

Om hentestaden ikkje har moglegheit for feste av dunkane, kan ein legge dunkane ned på bakken for å redusere vindfanget. Dette vert også gjort av våre renovatørar når dei set igjen dunkane etter tømming.

Pyntebilete

Bruk gjennomsiktig sekk ved levering av avfall på gjenbruksstasjon


Ønsker å minne om denne!

No er det snart 2 år sidan vi innførte krav om gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar. Vi har gjort oss nokre erfaringar, og ser at det framleis kjem inn mykje avfall i svarte sekkar. Disse blir spretta opp og kundar må sjølv være med å sortere avfallet. Daglig ser vi at det blir levert både farlig avfall, ee-avfall og metallgjenstandar i svarte sekkar. Dette viser at bruken av gjennomsiktige sekkar og betre mottakskontroll er viktig for å sikre kvalitet på avfallet og å unngå skadar på menneske, maskiner og miljø.
Håpar alle kan være nøye med sorteringa før dei kjem til gjenbruksstasjonen, og at gjennomsiktige sekkar vert nytta.
Tusen takk!
Her er link til tidligare sak om dette:
Pyntebilete
Bilete av god jul helsing (pyntebilete)

God jul!

 
Vi har følgande opningstider i forbindelse med jul/nyttår:
 
Torsdag 23.12 (vesle julaften)
– Alle Nomil gjenbruksstasjonar held stengt for mottak.
– Kontor/administrasjon 08:00 – 12:00
 
I romjula er kontor/administrasjon betjent frå 10:00 – 14:00
 
Alle gjenbruksstasjonane held ope for mottak av avfall som normalt.
 
Måndag 27.12
– Sandane 10:00 – 15:00
– Florø 13:00 – 19:00
– Måløy 15:00 – 19:00
 
Tysdag 28.12
– Stryn 12:00 – 19:00
– Eid 14:00 – 19:00
– Selje 15:30 – 20:00
– Smørhamn 13:30 – 19:00
 
Onsdag 29.12
– Svelgen 13:00 – 19:00
– Florø 13:00 – 19:00
 
Torsdag 30.12
– Sandane 15:00 – 19:00
– Stryn 12:00 – 19:00
– Florø 10:00 – 15:00
– Måløy 11:00 – 15:00
– Eid 12:00 – 17:00
– Selje 12:00 – 15:30
Bilete av god jul helsing (pyntebilete)
Informasjon fyrverkeri

Informasjon fyrverkeri

Viktig informasjon: Kommunale avfallsmottak har ikke lov til å motta fyrverkeri før juli 2022!

Miljødirektoratet har besluttet at harmonisering av Avfallsforskriftens paragraf 11 med ny forskrift om pyrotekniske artikler (DSB) allikevel  ikke trer i kraft fra 1. januar 2022. Ikrafttredelsesdato blir istedet 1. juli. Ny forskrift om pyrotekniske artikler vil heller ikke tre i kraft fra 1. januar.

Konsekvensen er at det ikke er tillatt å motta fyrverkeriavfall ved kommunale mottak fra kommende nyttår.


Bilete av avfall frå brukt fyrverkeri