Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av spesielt dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.
Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Det kan også være lurt om du passar på at avfallet ikkje er for vått. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.
Om man har moglegheit til det kan det også være lurt å sette dunkane inn i garasje eller liknande dei kaldaste dagane.
Renovatørane har ikkje moglegheit til å løsne fastfrose avfall nede i dunkane.
No er det skikkeleg vintervær i Nordfjord og ute ved kysten! Pass på at dunken er tilgjengeleg for tømming på tømmedag. Måk snø på tømmeplassen og fjern snø og is som ligg på dunkane.
For Rognaldsvåg/Reksta vil tømmedag verte endra frå torsdagar til fredagar inntil vidare. Vi gir nærmare beskjed når midlertidig endring opphøyrer. Endringa gjeld frå og med veke 38. Mvh Nomil
I partalsvekene 28, 30, 32, og 34 vert tømmedag endra frå opprinelig torsdag til no fredag. Nye datoar vert då (16.07), (30.07), (13.08), og (27.08). Etter dette går vi tilbake til opprineleg tømmedag igjen.