Bilete av ein stabel bleier på ein avfallsdunk

Barnebleier sorterast som restavfall

Sidan sommar 2019 har bleier blitt endra frå å sorterast som våtorganisk avfall til restavfall. Vi ønskjer å minne alle våre abonnentar på dette.

Bilete av ein stabel bleier på ein avfallsdunk

Det våtorganiske avfallet som Nordfjordingane sorterer ut vert sendt til kompostering i Sogn. På anlegget til SIMAS har ein klart å dele opp bleiene slik at noko gikk til kompostproduksjon, medan noko vart sendt til forbrenning saman med anna restavfall.

SIMAS har arbeid med å betre kvaliteten på kompostproduktet frå anlegget. På grunn av at barnebleiene tok med seg plastavfall inn i komposteringa, vart det avgjort at bleiene ikkje lenger skulle sorterast som våtorganisk avfall.

Tilbakemeldingane fra SIMAS viser dessverre at det framleis blir sortert barnebleier som våtorganisk avfall.

Minner derfor alle abonnentar i Nomil at barnebleier må sorterast som restavfall.

Om endringa i sorteringa gir liten kapasitet på restavfallet, er det mogeleg å tinge større restavfallsdunk på 240L til kr. 521,- pr. år. Nomil vil også kunne tilby kostnadfri levering av barnebleier til gjenbruksstasjonane.  Bleiene må då leverast i gjennomsiktige sekkar.

Takk for at de hjelper til med godt sortert avfall i Nordfjord! Det er godt for både samvitet og miljøet!

For meir informasjon om sortering av avfall, sjå her.