Kommunevåpen - Bremanger

Hyttecontainerar i Bremanger

Bremanger kommune ynsker å kome med følgjaden oppmoding til dei som har fritidsbustadar i kommunen og andre som ferierer der:

Det er stadig problem med at containerane som er sett ut for hytterenovasjon rundt om i kommunen er fulle, og at det blir plassert avfall utanfor containeren.

Storleiken på desse containerane er dimensjonert ut frå talet på abonnentar med hytterenovasjon, og totalt sett skal det vere rikeleg kapasitet sjølv når alle fritidsbustadane er i bruk desse sommarmånadane. Når containerane likevel vert overfylte, tyder det på at dei også blir brukt av andre som ikkje betaler for hytterenovasjon.

Kommunen minner om at desse containerane kun er for abonnentar med hytterenovasjon, og ikkje skal brukast av fastbuande med ordinært renovasjonsabonnement. Det er vedteke tvungen renovasjon for fritidsbustader i Bremanger kommune, og dersom du har fritidsbustad/bustad som blir brukt som fritidsbustad utan at du har renovasjonsabonnement må du melde frå til Bremanger kommune eller Nordfjord Miljøverk (NoMil) snarast, og få tinga abonnement.

Det er ikkje haldbart at dei som betaler for tenesta ikkje skal få bruke denne fordi andre fyller opp desse containerane.

Kommunen ber om at ein ikkje set avfall ved sidan av containeren dersom ein opplever at containeren er full. Avfallet blir dratt utover av fugl og dyr, og spreidd med vinden, og fører til forsøpling. Vi er klar over at det medfører ulemper å ikkje få kvitta seg med avfallet når ein ynskjer det, men ber om at ein prøvar å nytte container som er plassert andre stader, eller oppbevarer avfallet til containeren er tømt.

Vi ynskjer alle at det skal vere reint og triveleg rundt om i kommunen, og oppmodar alle til å gjere ein innsats for å unngå skjemmande forsøpling!