Utsett besøket til gjenbruksstasjonen

Utsett besøket til gjenbruksstasjonen

Vi oppmodar på det sterkaste dei som kan, om å utsetje besøket til gjenbruksstasjonen, til etter 26.mars.

Dei som nyttar gjenbruksstasjonane våre, kan forvente nokre endringar i samband tiltak for å redusere smitterisiko.

Helsemyndigheitene oppmodar om at ein held minst 1m avstand til andre menneske. Dessverre medfører dette at våre operatørar ikkje kan hjelpe deg med å tømme hengaren eller bilen. Operatørane vil vere til stade for å rettleie deg med sortering.

Vi oppmodar alle om å betale med kort. Bruk helst funksjonen som gjer at du kan legge kortet på terminalen, og betale utan å trykke kode.

For å unngå nærkontakt vil vi gjere tiltak for å avgrense kor mange bilar som kan vere på stasjonen samstundes. Dette kan gje kø og ein kan forvente at det tek lengre tid å levere.

Unngå nærkontakt med andre under besøket på gjenbruksstasjonen.

Vi bed om forståing for at tilbodet vert redusert, og at stasjonane kan bli stengt på kort varsel.