Nomil logo

Endring av tømmedag grunna helligdag i veke 21

NB! Grunna helligdag i veke 21 vil det bli endringar av tømmedag på enkelte ruter.
 
Rute 5 – 6 – 22 – 33 får tømming tysdag 19. mai i staden for torsdag 21. mai
 
Rute 23 – 34 – 38 – 39 får tømming tysdag 19. mai i staden for onsdag 20. mai
 
Rute 1 – 2 – 3 – 4 får tømming onsdag 20. mai i staden for fredag 22. mai
 
Det er sendt ut sms-varsling til alle abonnentar det gjeld.
Bilete av naudbluss som har forårsaka branntilløp

Hjelp oss å førebygge brann

Dessverre opplev vi at det kjem inn gjenstandar i restavfallet vårt som fører til brann. Fredag 08.05 hadde vi branntilløp i komprimatorbilen som tømte restavfall i Stryn. Nokon hadde lagt aske, som ikkje var avkjølt, i restavfallet sitt. Dette var truleg årsaka til at avfallet i bilen begynte å brenne. To veker tidlegare tok det fyr på hovudanlegget vårt, då eit naudbluss var levert inn i restavfallet. Naudbluss og fyrverkeri er eksplosivt avfall, og må leverast inn til forhandlar. Små litium-batteri utgjer og eit problem, då dei lett antenner under behandling av restavfall. Batteri er gratis å levere inn i daglegvare-butikkar og på våre gjenbruksstasjonar.  Hjelp oss å førebygge brann og gjere arbeidsdagen til våre tilsette tryggare, ved å følgje sorteringsrettleiingane!

Nomil logo

NB! Ruteendring grunna helligdag i veke 21

Grunna helligdag i veke 21 vil det bli endring av tømmedag frå tysdag 19. mai til mandag 18. mai.

Det gjeld følgande ruter:

Rute 7: Avlein, Avleinstranda, fjordsida av Fjordvegen, Flintavegen, Leirane, skarstein og Innvik

Rute 9: Utvik, Tistan, Øvresetkrysset til Kvilakrysset og Høygardane

Rute 16: Nordstranda og Fjellbygda til kryss Austrheimbakken/Nordstrandsvegen

Rute 35: Skavøypollen, Tennebø, deknepollen og Ulvesundvegen

 

Utdeling av raude dunkar i Florø

Utdeling av raude dunkar i Florø

I løpet av midten av mai, forventar vi å vere ferdig med å dele ut dunkar for glas- og metallemballasje i Florø og omegn.

Rutene for tømming av desse dunkane vil starte opp i juli, og vil gå fram av tømmekalender for 2.halvår 2020, når denne er klar.

Returpunkta for glas- og metallemballasje vil verte ståande fram til juli.

Kommunevåpen - Kinn

Faktura 1. halvår 2020 Florø

Abonnentar i Florø får i disse dagar faktura for 1. halvår 2020. Dersom nokon har/ønsker å ha heimekompostering, må det sendast inn søknadsskjema og få dette godkjent, for å få denne rabatten.

For abonnentar som allereide har heimekompostering og ikkje har hatt dunk for våtorganisk avfall (brunt lokk), vil disse få fråtrekt rabatten for 12 mnd ved neste fakturering. Søknadsskjema må sendast inn og godkjennast for å få denne rabatten.

Her finn de meir info om heimekompostering og link til søknadsskjema: https://www.nomil.no/?page_id=715

Rabatt for deling får ein ved å dele dunkar og levere mindre avfall pr bueining/hus enn ved å ha eit standard abonnement på 140l sett pr bueining/hus.

Rabatt for einsleg er for dei som er folkeregistrert med kun 1 person på adresse/husstand.

Ved meir kapasitet enn 140l, betalar ein tilleggsgebyr

Link til gebyrforskrift finn du her: https://www.nomil.no/wp-content/uploads/2020/01/Sak-27-19-Renovasjonsgebyr-2020-satsar.pdf

Dersom noko er uklart, eller om de har spørsmål kan de kontakte oss på e-post post@nomil.no

Gjenbruksstasjon i Svelgen vert stengt 22.april

Gjenbruksstasjon i Svelgen vert stengt 22.april

Gjenbruksstasjonen på Stølsborden er mellombels stengt. Dette skuldast mangelen på vatn og andre sanitære fasiliteter, og smittefare for våre tilsette. Vi vil gjere ei ny vurdering av om vi skal opne, etter påske.

Gjenbruksstasjonen i Smørhamn vil ha utvida opningstid, tysdag 11:30 – 19:00.

Vi bed alle som kan, om å vente med å levere avfallet sitt til situasjonen rundt korona-smitte har stabilisert seg.

Kommunevåpen - Stad

Reduserte opningstider i Selje

Grunna korona-situasjonen og omprioritering av mannnskap i Stad kommune, vil gjenbruksstasjonen i Selje få redusert opningstid. Inntil vidare vert gjenbruksstasjonen stengt på torsdagar. For dei komande vekene betyr dette:

tysdagar (31.mars, 7.april og 14.april) – ope som normalt, kl. 15:30 – 20.00
torsdagar (2.april, 9.april og 16.april) – stengt