Kinn – Florø

Velkomne som abonnentar i NoMil!

Frå 01.01.2020 tek NoMil over handsaminga av hushaldningsrenovasjonen i heile Kinn kommune. For Nomil sin del betyr dette ei auke på over 12 000 innbyggjarar i virkeområdet vårt, og vi veks til å verte eit renovasjonsselskap som tek hand om avfallet frå hushaldningane i ein region på rundt 45 000 innbyggjarar.

Nomil Avd Florø

Kinn kommune, Florø, Purkehola gjenbruksstasjon

Link til kart

Opningstider:
Måndag og Onsdag kl 13.00 – 19.00
Torsdag kl 10.00 – 15.00

Gjenbruksstasjonen Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sundafjelltunnelen

 
Om NoMil

Nomil er eit interkommunalt renovasjonsselskp som vart stifta i 1997. Eigarkommunane fram til og med 2019 har vore Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn. Frå og med 2020 vert det 5 eigarkommunar i selskapet; Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn.

NoMil si hovudoppgave er å ta hand om hushaldningsavfallet som oppstår i kommunane. Vi administrerer mellom anna renovasjonskøyring, mottak av avfall på returpunkt, samt vidaresending av avfall, i tråd med vedtak i kommunane. 

Forskriftene til NoMil finn du her.

Informasjon om abonnementa i NoMil finn du her.

Endringar i renovasjonsordninga i Flora-regionen

I Flora-regionen er vi så heldige å få med oss fleire tilsette som har arbeidd med renovasjon i Flora kommune. Innbyggjarane i regionen vil difor ikkje merke store endringar i renovasjonsordninga, men noko nytt vert det likevel:

  • Tømmefrekvensen til restavfallsdunkane vert redusert til kvar 4. veke. Ordninga vart innført i Nordfjordkommunane i 2006, og vi har gode erfaringar med dette. God sortering hos abonnentane er med på å sikre plass til avfallet i dunkane. Tømmekalender for Flora finn du her.
  • Nomil vil i løpet av 2020 innføre dunkrenovasjon for glas- og metallemballasje. Denne ordninga vart innført i Nordfjord i 2017.
  • Saman med Kinn kommune, planlegg Nomil etablering av ein gjenbruksstasjon i Purkehola. 
  • Det vert innført nokre endringar for øyene i regionen. Les meir her.
  • Frå 2020 vil renovasjonsgebyret verte fakturert av Nomil sjølv. Det årlege renovasjonsgebyret vert fordelt på 2 terminar. Faktura for renovasjon 1. halvår 2020 vert sendt ut til abonnentane i Kinn i februar/mars.
Vår visjon

NoMil arbeider for å gi avfallet vi produserar ein verdi, samt å nytte dette som ein resurs. Dette vert gjort gjennom sortering av avfallet, og ved å sende avfallet til gjenvinning. Dette er bra for miljøet!

Ved å sortere avfallet og levere dette gjennom henteordningane våre eller på gjenbruksstasjonane, kan alle våre abonnentar vere med på å gje avfallet verdi.

Vår visjon er difor:

Bilete av slagordet: Saman for eit betre miljø