Informasjon om renovasjonsordninga

Nomil vil vidareføre den gode renovasjonsordninga som tidlegare har vore i Flora kommune.  Vi er så heldige å få med oss fleire tilsette som tidlegare har arbeidd med renovasjon i Flora kommune, og innbyggjarane i regionen vil difor ikkje merke store endringar i renovasjonsordninga. 

Dunkane som står hos kvar enkelt abonnent skal framleis nyttast. 

Endringar
Ofte stilte spørsmål
  • Vert det endringar i henteordninga for Flora-regionen?
    Overgangen til Nomil inneber enkelte endringar i henteordninga. Tømmefrekvensen på restavfall vert redusert til kvar 4. veke. Årsaka til dette er at Nomil ynskjer å betre utsorteringa av avfall som kan gjenvinnast hos kvar enkelt abonnent. I løpet av 2020 vil Nomil også innføre henteordning på glas- og metallemballasje, og det vil verte levere ut dunk for dette. 
  • Vert det endringa i sorteringa av avfallet?
    Nomil har henteordninga for totalt 5 fraksjonar; våtorganisk avfall (matavfall), restavfall, papp/papir og glas-/metallemballasje. I tillegg skal plastemballasje leverast i sekk ved sidan av dunken for papp/papir. Sorteringsinformasjon finn du her.
  • Skal eg framleis nytte dunkane eg har fått utlevert, eller får eg nye?
    Abonnentane i Flora-regionen skal halde fram med å nytte dei dunkane som dei har. I løpet av 1. halvår 2020 vil Nomil levere ut ny dunk for glas- og metallemballasje.
  • Vert det endringar i renovasjonsgebyret?
    Det vert kun små endringar i renovasjonsgebyret for abonnentar med standard abonnement. Gebyrtakstane for renovasjon er like i heile virkeområdet til Nomil. Gebyret vert regulert av Nomil si gebyrforskrift.
  • Korleis leverer vi grovavfallet?
    Saman med Kinn kommune, planlegg Nomil etablering av ein gjenbruksstasjonen i Purkehola. Her skal du også levere inn farleg avfall og spesialavfall.
  • Vert det endringar i renovasjonsordninga for fritidseigedomar?
    Nei, ordinga for renovasjon for fritidsbustader held fram slik den er.
  • Kan eg heimekompostere?
    Ja, Nomil tilbyr ordning for heimekompostering. Heimekompostering gir rabatt på renovasjonsgebyret, og Nomil har også ei støtteordning for kjøp av godkjente kompostbingar. Meir informasjon finn du her.
  • Korleis får eg tak i bioposar og sekkar til plastemballasje?
    Vi vidarefører den eksisterande ordninga i Florø. Abonnentane i sentrum hentar sjølv bioposar og sekkar til plastemballasje ved kommunen sitt servicekontor i Florø. I distrikta er det mogeleg å få dette utlevert på ruta.