Velkomne som abonnentar i NoMil!
Frå 01.01.2020 tek NoMil over handsaminga av hushaldningsrenovasjonen i heile Kinn kommune. For Nomil sin del betyr dette ei auke på over 12 000 innbyggjarar i virkeområdet vårt, og vi veks til å verte eit renovasjonsselskap som tek hand om avfallet frå hushaldningane i ein region på rundt 45 000 innbyggjarar.
Nomil Avd Florø
Kinn kommune, Florø, Purkehola gjenbruksstasjon
Opningstider:
Måndag og Onsdag kl 13.00 – 19.00
Torsdag kl 10.00 – 15.00
Gjenbruksstasjonen Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sundafjelltunnelen
Om NoMil
Nomil er eit interkommunalt renovasjonsselskp som vart stifta i 1997. Eigarkommunane fram til og med 2019 har vore Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn. Frå og med 2020 vert det 5 eigarkommunar i selskapet; Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn.
NoMil si hovudoppgave er å ta hand om hushaldningsavfallet som oppstår i kommunane. Vi administrerer mellom anna renovasjonskøyring, mottak av avfall på returpunkt, samt vidaresending av avfall, i tråd med vedtak i kommunane.
Endringar i renovasjonsordninga i Flora-regionen
I Flora-regionen er vi så heldige å få med oss fleire tilsette som har arbeidd med renovasjon i Flora kommune. Innbyggjarane i regionen vil difor ikkje merke store endringar i renovasjonsordninga, men noko nytt vert det likevel:
- Tømmefrekvensen til restavfallsdunkane vert redusert til kvar 4. veke. Ordninga vart innført i Nordfjordkommunane i 2006, og vi har gode erfaringar med dette. God sortering hos abonnentane er med på å sikre plass til avfallet i dunkane. Tømmekalender for Flora finn du her.
- Nomil vil i løpet av 2020 innføre dunkrenovasjon for glas- og metallemballasje. Denne ordninga vart innført i Nordfjord i 2017.
- Saman med Kinn kommune, planlegg Nomil etablering av ein gjenbruksstasjon i Purkehola.
- Det vert innført nokre endringar for øyene i regionen. Les meir her.
- Frå 2020 vil renovasjonsgebyret verte fakturert av Nomil sjølv. Det årlege renovasjonsgebyret vert fordelt på 2 terminar. Faktura for renovasjon 1. halvår 2020 vert sendt ut til abonnentane i Kinn i februar/mars.
Vår visjon
NoMil arbeider for å gi avfallet vi produserar ein verdi, samt å nytte dette som ein resurs. Dette vert gjort gjennom sortering av avfallet, og ved å sende avfallet til gjenvinning. Dette er bra for miljøet!
Ved å sortere avfallet og levere dette gjennom henteordningane våre eller på gjenbruksstasjonane, kan alle våre abonnentar vere med på å gje avfallet verdi.
Vår visjon er difor: