Vindfullt vær

Vindfullt vær

Vinteren byr på vindfullt vær, både langs kysten og i innlandet. Vinden kan gi utfordringar knytt til dunkrenovasjonen.

Nomil oppfordrar alle abonnentar til å sikre dunkane på hentestaden når dei vert sett ut for tømming. Vi minner om at all festing av dunkar må gjerast på ein slik måte at det er mogeleg for renovatøren  å få laust dunken på ein enkel måte. Dunkane må difor festast med karabinkrok eller stropper (sjå bilete). Dunkar som er knytt fast vert ikkje tømde!

Om hentestaden ikkje har moglegheit for feste av dunkane, kan ein legge dunkane ned på bakken for å redusere vindfanget. Dette vert også gjort av våre renovatørar når dei set igjen dunkane etter tømming.

Fyrverkeri som avfall

Fyrverkeri som avfall

Nyttårsfeiringa er over og nokon lurer kanskje på korleis ein skal sortere fyrverkeri.

Brukt fyrverkeri skal leggast i restavfallet. Dersom fyrverkeriet ikkje har gått av må det behandlast som eksplosjonsfarleg avfall.

Forhandlarar av eksplosive varer og produkt er pliktige til å ta i mot tilsvarande produkt når dei skal kasserast. Dersom du ikkje veit kvar du skal levere dette, kan du ta kontoakt med Politiet på telefon 02800.

Nomil logo

Vik, Vinsrygg og Faleide er flytta til RUTE 17

Nomil har gjennomført enkelte nokre ruteendringar for 2020.

Området frå Vik, Vinsrygg til Faleide er flytta til RUTE 17.

Dette betyr at det ikkje vert tømming for hushaldningane her fredag 03.01. I staden vil Nomil finne ei løysing for levering av papp/papir/plastemballasje i løpet av veke 2.

Vi beklager ulempene dette fører med seg.

Vi kjem tilbake med meir informasjon måndag 06.01, og det vert varsla om ny tømming når dette er fastsett.

 

Kommunevåpen Kinn

Julepapir i Florø

Hugs at julepapir er restavfall!

Farga julepapir skal ikkje sorterast som papir og papp, men som restavfall.

I Florø kan abonnentane levere ein ekstra sekk med julepapir ved sidan av restavfallsdunken på fyrste tømmeruta etter nyttår.

Tømmekalender for 1. halvår 2020 er no tilgengeleg!

Denne hausten har det dessverre teke lengre tid enn normalt å få på plass tømmekalender for det komande halvåret, men no er den klar og tilgjengeleg her på heimesida.

Som de vil sjå, er det frå og med 01.01.2020 gjort justeringar i ruteoppsettet i Nordfjord.

Kvar rute køyrast no med 1 renovasjonsbil, og dette fører til fleire små ruter samanlikna med tidlegare. I heile Nordfjord vert det no 40 ruter, der nummereringa startar i Hjelledalen i Stryn kommune og endar på Kråkeneset i Kinn kommune. 

Vi håpar den nye ruteinndelinga gir endå meir pålitleg tømming, samt betre og meir presis kommunikasjon mellom abonnent og Nomil.

I Florø, samt distrikta rundt, vidarefører Nomil i stor grad rutene som Flora kommune har hatt tidlegare. Informasjon om renovasjonsrutene i Florø/distrikta rundt, og aktuell tømmekalender finn du her.

Til slutt, hugs at du kan ta kontakt med NoMil dersom du treng å få tilsendt tømmekalender i papirform.