Merkelapper til deg som treng nye bioposar og sekkar til plastemballasje

Merkelapper til deg som treng nye bioposar og sekkar til plastemballasje

Vi prøver no ut eit merkesystem, slik at du som abonnent kan henge fram ein særskilt lapp på dunken, når du treng sekkar til plastemballasje eller posar til matavfall. I første omgang vert det delt ut til 3 000 husstandar, i hovudsak i Gloppen kommune. Mange vil finne desse hengt på dunken etter tømming i morgon 6.august.

Merkelappane har hank, slik at du kan henge dei på dunken. Det er ein lapp for bioposar og ein for sekkar til plastemballasje. Lappane er tosidige, med norsk tekst på eine sida og engelsk på den andre. Dei kan brukast om att mange gongar.

Om det viser seg at dette er ei ordning som fungerer bra, er meininga å utvide ordninga til fleire kommunar.

Bilete av eksempel på glas- og metallemballasje

Kva kan leggast i den raude dunken?

Sjåførane våre som tømmer dunken for glas- og metallemballasje opplev ofte at dei må sette at dunkar grunna feilsortering. Dette betyr at mange abonnentar ikkje får dunken sin tømt. Returordninga gjeld berre for glas- og metall som er emballasje, slik som hermetikkboksar, sylteglas og glasflasker utan pant. At berre emballasje skal inngå i returordninga er lovregulert gjennom avfallsforskrifta.

Sjåførane våre melder frå om at sparyboksar og små gassbrennarar ofte vert lagt i dunken med raudt lokk. Dette er farleg avfall, fordi dei inneheld gass under trykk. Dette MÅ leverast inn til gjenbruksstasjon, eller anna betjent mottak. Det er gratis å levere inn farleg avfall frå husstandane.

Vindauge, keramikk, eldfast glas og drikkeglas dukkar ofte opp i dunkane for glas- og metallemballasje. Dette er materiale som ikkje kan leverast til returordninga. I tillegg øydelegg dette også det resirkulerte materiale då det har andre eigenskapar enn emballasjeglas. Tilsvarande finn vi og ofte kokekar, smijernsgjenstandar og stål i dunken. Dette må leverast til gjenbruksstasjon.

Soteringsplakat for glas- og metallemballasje

Kommunevåpen - Bremanger

Hyttecontainerar i Bremanger

Bremanger kommune ynsker å kome med følgjaden oppmoding til dei som har fritidsbustadar i kommunen og andre som ferierer der:

Det er stadig problem med at containerane som er sett ut for hytterenovasjon rundt om i kommunen er fulle, og at det blir plassert avfall utanfor containeren.

Storleiken på desse containerane er dimensjonert ut frå talet på abonnentar med hytterenovasjon, og totalt sett skal det vere rikeleg kapasitet sjølv når alle fritidsbustadane er i bruk desse sommarmånadane. Når containerane likevel vert overfylte, tyder det på at dei også blir brukt av andre som ikkje betaler for hytterenovasjon.

Kommunen minner om at desse containerane kun er for abonnentar med hytterenovasjon, og ikkje skal brukast av fastbuande med ordinært renovasjonsabonnement. Det er vedteke tvungen renovasjon for fritidsbustader i Bremanger kommune, og dersom du har fritidsbustad/bustad som blir brukt som fritidsbustad utan at du har renovasjonsabonnement må du melde frå til Bremanger kommune eller Nordfjord Miljøverk (NoMil) snarast, og få tinga abonnement.

Det er ikkje haldbart at dei som betaler for tenesta ikkje skal få bruke denne fordi andre fyller opp desse containerane.

Kommunen ber om at ein ikkje set avfall ved sidan av containeren dersom ein opplever at containeren er full. Avfallet blir dratt utover av fugl og dyr, og spreidd med vinden, og fører til forsøpling. Vi er klar over at det medfører ulemper å ikkje få kvitta seg med avfallet når ein ynskjer det, men ber om at ein prøvar å nytte container som er plassert andre stader, eller oppbevarer avfallet til containeren er tømt.

Vi ynskjer alle at det skal vere reint og triveleg rundt om i kommunen, og oppmodar alle til å gjere ein innsats for å unngå skjemmande forsøpling!

Bilete av hyttecontainer m/ små innkastluker

Faktura for fritidsrenovasjon i Kinn

Vi har sendt ut faktura for fritidsrenovasjon til dei som har hytte/fritidsbustad i Kinn kommune. Om du har spørsmål, vil melde frå om endringar e.l. knytt til faktura for fritidsrenvasjon i Kinn bed vi om at du sender ein e-post til: post@nomil.no

Grunna ferieavvikling klarer vi ikkje å få svart på alle telefonar når pågangen er stor. Vi får heller ikkje svart på e-post så raskt som vi ønsker

Bilete av hyttecontainer m/ små innkastluker

Alle eigarkommunane får fritidsrenovasjon

Alle eigarkommunane til Nomil har innført tvungen renovasjon for hytte og fritidsbustadar. Om du har hytte eller fritidsbustad i Gloppen, eller i tidlegare Vågsøy eller Eid kommune, vil dette vere ei ny ordning frå 01.juli 2020.

Kommunestyra har gjennom godkjenning av Nomil si standardføreskrift, vedteke at fritidsrenovasjon skal gjennomførast med utsetting av returpunkt for restavfall. Du må sjølv ta med avfallet til returpunkt. Hyttecontainerane har små innkastluker, der du kan legge inn bereposar.

Til hyttecontainerane kan du levere: restavfall, plastemballasje, matavfall, papir/papp og glas- og metallemballasje. Avfall som ikkje får plass i hyttecontainerane, som t.d. madrasser og møblar, må leverast til gjenbruksstasjon. Det same gjeld ee-avfall, batteri, måling og andre typar farleg avfall.

Ei oversikt over kvar returpunkta for fritidsrenovasjon er plassert finn du her: www.sortere.no

Som fritidsabbonent, vil du få tilsendt faktura ein gong i året. Gebyret du betaler er avhengig av standarden på fritidsbustaden.



Beholdar for glas- og metallemballasje for sameie/burettslag i Florø regionen

Beholdar for glas- og metallemballasje for sameie/burettslag i Florø regionen

Vi får mykje spørsmål frå sameie og burettslag om kva tid dei skal få utlevert dunkar for glas- og metallemballasje. Det stemmer at det ikke er utlevert dunker hos enkelte sameie og borettslag endå.

Vi jobbar med løsning for dei enkelte sameie/borettslag, men det er usikkert om det blir dunker eller større beholdere for deling. Alle sameie dette gjelder vil bli kontakta for å sjå kva som vil være beste løsning. Pga langtidssykemelding har denne prosessen dessverre tatt litt tid.

Fram til oppstart av innsamling av glas/metallemballasje frå husstander i Florø vil eksisterande ordning med utsatte glass-containere fortsette.