Utdeling av dunkar til glas- og metallemballasje

Utdeling av dunkar til glas- og metallemballasje

Vi begynner no med utdeling av dunkar til glas- og metallemballasje til hushalda i tidlegare Flora kommune.Målet er å ha delt ut dunkar til innbyggjarar i områda tilhøyrande sone 9 ,8, 7 og 6 innan påske.  
Dette omfattar husstandar med fastbuande i områda rundt: Eikefjord, Høydal, Stavang, Storebru og Norddalsfjorden. Ved endingar i situasjonen rundt korona-utbrotet kan utdelinga verte forsinka.

Rutene for tømming av desse dunkane startar opp sommaren 2020. Nærmare informasjon om fyrste tømmerunde vil bli annonsert, og lagt ut på våre heimesider og sosiale media Næringsdrivande, skular, forsamlingshus og likande som ynskjer å sortere ut glas- og metallemballasje, må ta kontakt med Nomil og tinge abonnement på dette for få utdelt dunk.

.

Utsett besøket til gjenbruksstasjonen

Utsett besøket til gjenbruksstasjonen

Vi oppmodar på det sterkaste dei som kan, om å utsetje besøket til gjenbruksstasjonen, til etter 26.mars.

Dei som nyttar gjenbruksstasjonane våre, kan forvente nokre endringar i samband tiltak for å redusere smitterisiko.

Helsemyndigheitene oppmodar om at ein held minst 1m avstand til andre menneske. Dessverre medfører dette at våre operatørar ikkje kan hjelpe deg med å tømme hengaren eller bilen. Operatørane vil vere til stade for å rettleie deg med sortering.

Vi oppmodar alle om å betale med kort. Bruk helst funksjonen som gjer at du kan legge kortet på terminalen, og betale utan å trykke kode.

For å unngå nærkontakt vil vi gjere tiltak for å avgrense kor mange bilar som kan vere på stasjonen samstundes. Dette kan gje kø og ein kan forvente at det tek lengre tid å levere.

Unngå nærkontakt med andre under besøket på gjenbruksstasjonen.

Vi bed om forståing for at tilbodet vert redusert, og at stasjonane kan bli stengt på kort varsel.

Nomil logo

Informasjon til deg som nyttar hovudanlegget vårt i Eidsmona

Anlegget vårt i Eidsmona er inntil vidare ope for mottak av avfall, som normalt.

For å hindre smitte har vi gjennomført følgjande tiltak:
– Kontorlokale og garderobar er berre tilgjengeleg for våre eigne tilsette. Dørene til kontorlokala er difor låste. I vekta finn du ringeklokke for å kome i kontakt med Nordfjord miljøverk og Retura Nomil.
– Vi bed om at du tek kontakt på e-post eller telefon, framfor ved oppmøte, der dette er mogleg.
– Gjenbrukstorget, der ein kan sette frå seg og hente gjenstandar til ombruk, vil inntil vidare vere stengt for all aktivitet.
– Vi bed alle som oppsøker anlegget vårt om å følgje råda frå myndigheitene, og unngå nærkontakt med andre. God handhygiene er viktig for deg som brukar og for våre tilsette.

Nomil logo

Avfallshenting held fram som normalt

Vi har eit viktig samfunnsoppdrag som vi skal halde fram med å utføre. For å oppretthalde avfallsinnhentinga, er det viktig at medarbeidarane våre unngår smitte. Då treng vi eit godt samarbeid med deg som innbyggjar.

Det betyr:

Avfallshentinga held førebels fram som vanleg, men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Desinfiser  gjerne både handtak og lok.

Treng du å kome i kontakt med oss, bruk telefon eller e-post.  Kontorlokala våre i Gloppen er stengt for publikum inn til vidare. Vi bed og om at publikum ikkje tek direkte kontakt med renovatørane våre som er ute å tømmer dunkar.

Om du treng å nytte gjenbruksstasjonane våre, bed vi om at du unngår handhelsing og nærkontakt. God handhygiene er alltid viktig både for oss og deg.

Vi oppdaterer heimesida vår, om det vert endringar.

Ei lita påminning – Gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar

Ei lita påminning – Gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar

No er det ei drøy veke sidan vi innførte krav om gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar. Vi har gjort oss nokre erfaringar, og ser at det framleis kjem inn mykje avfall i svarte sekkar. Disse blir spretta opp og kundar må sjølv være med å sortere avfallet. Daglig ser vi at det blir levert både farlig avfall, ee-avfall og metallgjenstandar i svarte sekkar. Dette viser at bruken av gjennomsiktige sekkar og betre mottakskontroll er viktig for å sikre kvalitet på avfallet og å unngå skadar på menneske, maskiner og miljø.

Håpar alle kan være nøye med sorteringa før dei kjem til gjenbruksstasjonen, og at gjennomsiktige sekkar vert nytta.

Tusen takk!

Her er link til tidligare sak om dette:

https://www.nomil.no/?p=3858

Bilete av ein stabel bleier på ein avfallsdunk

Barnebleier sorterast som restavfall

Sidan sommar 2019 har bleier blitt endra frå å sorterast som våtorganisk avfall til restavfall. Vi ønskjer å minne alle våre abonnentar på dette.

Bilete av ein stabel bleier på ein avfallsdunk

Det våtorganiske avfallet som Nordfjordingane sorterer ut vert sendt til kompostering i Sogn. På anlegget til SIMAS har ein klart å dele opp bleiene slik at noko gikk til kompostproduksjon, medan noko vart sendt til forbrenning saman med anna restavfall.

SIMAS har arbeid med å betre kvaliteten på kompostproduktet frå anlegget. På grunn av at barnebleiene tok med seg plastavfall inn i komposteringa, vart det avgjort at bleiene ikkje lenger skulle sorterast som våtorganisk avfall.

Tilbakemeldingane fra SIMAS viser dessverre at det framleis blir sortert barnebleier som våtorganisk avfall.

Minner derfor alle abonnentar i Nomil at barnebleier må sorterast som restavfall.

Om endringa i sorteringa gir liten kapasitet på restavfallet, er det mogeleg å tinge større restavfallsdunk på 240L til kr. 521,- pr. år. Nomil vil også kunne tilby kostnadfri levering av barnebleier til gjenbruksstasjonane.  Bleiene må då leverast i gjennomsiktige sekkar.

Takk for at de hjelper til med godt sortert avfall i Nordfjord! Det er godt for både samvitet og miljøet!

For meir informasjon om sortering av avfall, sjå her.

Krav om gjennomsiktige sekkar ved levering av avfall på gjenbruksstasjonen frå 1.mars 2020

Krav om gjennomsiktige sekkar ved levering av avfall på gjenbruksstasjonen frå 1.mars 2020

Frå 1.mars 2020 skal avfall som leverast til gjenbruksstasjonane til Nomil, leverast i gjennomsiktige sekkar. Årsaka er myndighetskrav om auka mottakskontroll ved avfallsanlegga rundt om i landet.

Ved fleire høver vert det levert farleg avfall og asbest i svarte sekkar på gjenbruksstasjonane. Levering av elektronisk avfall, batteri og sprayboksar som restavfall fører til mange brannar i avfallsanlegga. I tillegg kan skjulte metallbitar i restavfallet føre til kostbare skader på utstyr.

Sorteringa av avfallet vert også betre ved levering i gjennomsiktige sekkar, og operatørane på gjenbruksstasjonane har moglegheit til å gjere ein betre jobb, både i forhold til mottakskontroll av avfall og med rettleiing til avfallssorteringa. Faktisk syner plukkanalyser gjort av SIMAS i Sogn, at heile 75% av restavfallet kunne vore sortert!

Avfall som vert levert i svarte sekkar etter 1.mars vert spretta opp for kontroll av innhaldet. Ein kan framleis levere avfall laust på henger eller i bil, då dette avfallet er mogeleg å kontrollere for operatørane.  

Slik som med svarte avfallssekkar, må kundane sjølve skaffe gjennomsiktige avfallssekkar. Sekkane finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkar.

I fyrste omgong gjeld krav om levering av avfall i gjennomsiktige sekkar berre ved levering til gjenbruksstasjonane våre. Utleverte svarte Nomil-avtalesekkar kan framleis nyttast til framsetting ved restavfallsdunken. Vi får inn nye gjennomsiktige avtalesekkar på lager i løpet av våren.

Nomil sin mobil-app er no tilgjengeleg for Kinn kommune

Nomil sin mobil-app er no tilgjengeleg for Kinn kommune

Nomil sin mobil-app er endeleg tilgjengeleg for abonnentane i Kinn kommune.

Mobil-appen er tilgjengeleg på Google Play og i App Store. Ved å søke opp eigedomen din, enten ved hjelp av adresse eller ved å nytte gards- og bruksnummer, kan du få oversikt over tømmedagane direkte på mobilen. Du kan også sette opp varsling om tømming.

Les meir om mobil-appen vår her.

Merk at nokre abonnentar dessverre ikkje vil finne sine eigedomar i mobil-appen. Dette gjeld abonnement knytt til burettslag, samt abonnement som er deler dunksett. Vi arbeider med å få dette på plass så snart som mogelegd

Sortering av avfall – gi avfallet verdi!

Sortering av avfall – gi avfallet verdi!

God sortering sikrar høg gjennvinningsgrad av avfallet. Den viktigaste sorteringa skjer i heimen, og alle våre abonnentar er med på å gje avfallet verdi ved å sortere avfallet sitt riktig.

Ver med å dra lasset for eit betre miljø!

Bilete av avfall - for det meste isopor

Spesielt om isopor:
Isopor er restavfall. Mindre mengder kan du sortere i dunken for restavfall. Har du større mengder isopor leverar du dette som restavfall til gjenbruksstasjonen (SAR i Florø).

Om du likevel kjem over avfall som du er usikker på kvar det skal sorterast, eller kvar det skal leverast, kan du gjere deg nytte av  www.sortere.no.

Ein del av produkta du kjøper og mykje av emballasjen er merka med små bilete, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbola og kva dei tyder finn du på Grønt Punkt sine sider.